2P Kompetansemål

Fra Matematikk.net
Hopp til:navigasjon, søk

Etter Vg2P Tal og algebraOmtale av hovudområde Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • rekne med potensar og tal på standardform med positive og negative eksponentar, og bruke dette i praktiske samanhengar
  • gjere greie for nokre plassverdisystem og gje praktiske døme på dei
  • gjere suksessive renteberekningar og rekne praktiske oppgåver med eksponentiell vekst


Statistikk, sannsyn og kombinatorikkOmtale av hovudområde Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • planleggje, gjennomføre og vurdere statistiske undersøkingar
  • berekne kumulativ frekvens og finne og drøfte sentralmål og spreiingsmål
  • representere data i tabellar og diagram og drøfte ulike dataframstillingar og kva inntrykk dei kan gje
  • gruppere data og berekne sentralmål for eit gruppert datamateriale

Kultur og modelleringOmtale av hovudområde Mål for opplæringa er at eleven skal kunne gjere målingar i praktiske forsøk, formulere ein enkel matematisk modell på grunnlag av dei observerte data, bruke teknologiske verktøy i utforsking og modellbygging og vurdere modellen og kor gyldig han er bruke matematikk i praktiske samanhengar og vurdere kva han kan brukast til, og kva han ikkje kan brukast til, i samband med utgreiingar og avgjerder