Forskjell mellom versjoner av «2P Kompetansemål»

Fra Matematikk.net
Hopp til:navigasjon, søk
Linje 1: Linje 1:
 +
==Modellering==
 +
 +
Hovudområdet kultur og modellering gjev eit overordna perspektiv på faget matematikk. Hovudområdet beskriv den logiske strukturen i faget og viser historia og den kulturelle rolla til faget. Modellering er ein fundamental prosess i faget, der utgangspunktet er noko som verkeleg finst. Dette blir beskrive matematisk med ein modell som blir bearbeidd, og resultata av det blir tolka i lys av den opphavlege situasjonen.
 +
 +
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
 +
*gjere målingar i praktiske forsøk og formulere matematiske modellar på grunnlag av observerte data
 +
*analysere praktiske problemstillingar knytte til daglegliv, økonomi, statistikk og geometri, finne mønster og struktur i ulike situasjonar og beskrive samanhengar mellom storleikar ved hjelp av matematiske modellar
 +
*utforske matematiske modellar, samanlikne ulike modellar som beskriv same praktiske situasjon, og vurdere kva for informasjon modellane kan gje, og kva for gyldigheitsområde og avgrensingar dei har
 +
*bruke digitale verktøy i utforsking, modellbygging og presentasjon
  
  

Revisjonen fra 13. aug. 2013 kl. 01:56

Modellering

Hovudområdet kultur og modellering gjev eit overordna perspektiv på faget matematikk. Hovudområdet beskriv den logiske strukturen i faget og viser historia og den kulturelle rolla til faget. Modellering er ein fundamental prosess i faget, der utgangspunktet er noko som verkeleg finst. Dette blir beskrive matematisk med ein modell som blir bearbeidd, og resultata av det blir tolka i lys av den opphavlege situasjonen.

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • gjere målingar i praktiske forsøk og formulere matematiske modellar på grunnlag av observerte data
  • analysere praktiske problemstillingar knytte til daglegliv, økonomi, statistikk og geometri, finne mønster og struktur i ulike situasjonar og beskrive samanhengar mellom storleikar ved hjelp av matematiske modellar
  • utforske matematiske modellar, samanlikne ulike modellar som beskriv same praktiske situasjon, og vurdere kva for informasjon modellane kan gje, og kva for gyldigheitsområde og avgrensingar dei har
  • bruke digitale verktøy i utforsking, modellbygging og presentasjon


Funksjonar i praksis

Ein funksjon beskriv endring eller utvikling av ein storleik som er avhengig av ein annan, på ein eintydig måte. Funksjonar kan nyttast til å lage matematiske modellar av praktiske samanhengar. Hovudområdet funksjonar i praksis handlar om å bruke funksjonar til å beskrive og analysere situasjonar frå daglegliv og arbeidsliv.

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • bruke digitale verktøy til å undersøkje kombinasjonar av polynomfunksjonar, rotfunksjonar, potensfunksjonar og eksponentialfunksjonar som beskriv praktiske situasjonar, ved å bestemme nullpunkt, ekstremalpunkt og skjeringspunkt og finne gjennomsnittleg vekstfart og tilnærmingsverdiar for momentan vekstfart
  • bruke funksjonar til å modellere, drøfte og analysere praktiske samanhengar


Foreldet fra høsten 2013

Tal og algebra

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • rekne med potensar og tal på standardform med positive og negative eksponentar, og bruke dette i praktiske samanhengar
  • gjere greie for nokre plassverdisystem og gje praktiske døme på dei
  • gjere suksessive renteberekningar og rekne praktiske oppgåver med eksponentiell vekst

Statistikk, sannsyn og kombinatorikk

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • planleggje, gjennomføre og vurdere statistiske undersøkingar
  • berekne kumulativ frekvens og finne og drøfte sentralmål og spreiingsmål
  • representere data i tabellar og diagram og drøfte ulike dataframstillingar og kva inntrykk dei kan gje
  • gruppere data og berekne sentralmål for eit gruppert datamateriale

Kultur og modellering

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • gjere målingar i praktiske forsøk, formulere ein enkel matematisk modell på grunnlag av dei observerte data, bruke teknologiske verktøy i utforsking og modellbygging og vurdere modellen og kor gyldig han er
  • bruke matematikk i praktiske samanhengar og vurdere kva han kan brukast til, og kva han ikkje kan brukast til, i samband med utgreiingar og avgjerder