1T fagfornyelse 2020

Fra Matematikk.net
Hopp til:navigasjon, søk

LÆREPLANMÅL

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

formulere og løyse problem ved hjelp av algoritmisk tenking, ulike problemløysingsstrategiar, digitale verktøy og programmering


lese og forstå matematiske bevis og utforske og utvikle bevis i relevante matematiske emne

identifisere variable storleikar i ulike situasjonar, setje opp formlar og utforske desse ved hjelp av digitale verktøy


utforske strategiar for å løyse likningar, likningssystem og ulikskapar og argumentere for tenkjemåtane sine

forklare forskjellen mellom ein identitet, ei likning, eit algebraisk uttrykk og ein funksjon

utforske samanhengar mellom andregradslikningar og andregradsulikskapar, andregradsfunksjonar og kvadratsetningane og bruke samanhengane i problemløysing

modellere situasjonar knytte til ulike tema, drøfte presentere og forklare resultata og argumentere for om modellane er gyldige

lese, hente ut og vurdere matematikk i relevante tekstar om ulike tema og presentere relevante berekningar og analysar av resultata


utforske og beskrive eigenskapane ved polynomfunksjonar, rasjonale funksjonar, eksponentialfunksjonar og potensfunksjonar


bruke gjennomsnittleg og momentan vekstfart i konkrete døme og gjere greie for den deriverte

forklare polynomdivisjon og bruke det til å omskrive algebraiske uttrykk,

drøftefunksjonar og løyse likningar og ulikskapar


gjere greie for definisjonane av sinus, cosinus og tangens og bruke trigonometri til å berekne lengder, vinklar og areal i vilkårlege trekantar

grunngi sinus-, cosinus- og arealsetninga


bruke trigonometri til å analysere og løyse samansette teoretiske og praktiske problem med lengder, vinklar og areal