2P Kompetansemål
Fra Matematikk.net
Tal og algebra
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:
- rekne med potensar og tal på standardform med positive og negative eksponentar, og bruke dette i praktiske samanhengar
- gjere greie for nokre plassverdisystem og gje praktiske døme på dei
- gjere suksessive renteberekningar og rekne praktiske oppgåver med eksponentiell vekst
Statistikk, sannsyn og kombinatorikk
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:
- planleggje, gjennomføre og vurdere statistiske undersøkingar
- berekne kumulativ frekvens og finne og drøfte sentralmål og spreiingsmål
- representere data i tabellar og diagram og drøfte ulike dataframstillingar og kva inntrykk dei kan gje
- gruppere data og berekne sentralmål for eit gruppert datamateriale
Kultur og modellering
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:
- gjere målingar i praktiske forsøk, formulere ein enkel matematisk modell på grunnlag av dei observerte data, bruke teknologiske verktøy i utforsking og modellbygging og vurdere modellen og kor gyldig han er
- bruke matematikk i praktiske samanhengar og vurdere kva han kan brukast til, og kva han ikkje kan brukast til, i samband med utgreiingar og avgjerder